|
Dei palestinske flyktningeleiarane vart oppretta etter fordrivinga frå Palestina i 1948.
I 1976 sendte Palestinkomiteen om det første helseteamet til Libanon. Det var det første steget i ein lang historie med praktisk solidaritetsarbeid i dei palestinske flyktningeleirane. Sidan har me utvida arbeide til også å gjelde det okkuperte Palestina.
I 1996 endra me fokus frå helsearbeid til arbeid med born og ungdom. Først hadde me solidaritetsarbeidarar i flyktningleiren Bourj el Barajneh i Beirut. Sommeren 2001 starta me i tillegg å sende solidaritetsarbeidarar til flyktningleiren Rashedieh i Sør-Libanon. Arbeidet er basert på frivillig innsats og innsamla pengar. Frå 2003 har me kun sendt solidaritetsarbeidarar til Rashedieh. Her samarbeider vi med Kvinneunionen (General Union of Palestinian Women - GUPW). Dette er en stor organisasjon med avdelingar i de fleste palestinske miljø og en del av PLO.
Det er stort behov for aktivitetar for born og ungdom i flyktningleirane i Libanon. I tillegg til den vanskelege politiske og økonomiske situasjonen i flyktningleirane er skuletilbudet dårlig. Med 50 i kvar klasse er det hardt å henge med. Skulen gir ikkje tilbod på viktige område som forming, idrett, musikk o.l. Mange organisasjonar i leiren har difor tilbod om meir leik og kulturelle aktivitetar i etter-skule program. Her er det norske ungdomar kan bidra med t.d. undervisning i musikk, forming, idrett, drama e.l. Og så ynskjer dei at me skal kunne undervise i engelsk.
Solidaritetsarbeidarane bur i flyktningeleiren og kjem tett innpå livet til folka der. Dette gir heilt spesielle livserfaringar og er ein viktig del av solidaritetsarbeidet.
Me ynskjer at dei som får reise skal formidle kunnskapen om det dei har opplevd og lært når dei kjem heim, t.d. i form av foredrag eller media, og me vil at dei skal halde fram med solidaritetsarbeid heime etterpå.
Sjå elles link til rapportar og forteljingar frå tidlegare solidaritetsarbeidarar.
|