|
PRINSIPPROGRAM - vedtatt på landsmøtet mars 2008 |
|
|
mandag 14. april 2008 02:00 |
PALESTINAKOMITEEN I NOREG
- Stør det palestinske folket sin frigjeringskamp.
- Stør opprettinga av ein demokratisk stat i Palestina med like rettar for alle.
- Stør alle palestinske flyktningar sin rett til å vende attende i tråd med FN-resolusjon 194.
- Meiner at sionismen er rasistisk.
- Krev at staten Israel skal trekke seg ut av dei okkuperte områda i samsvar med FN-resolusjon 242.
- Meiner at den folkerettsstridige muren må rivast.
- Meiner at konflikten har sitt opphav i kolonialismen og imperialismen.
- Er mot stormaktsløysingar over hovudet på det palestinske folket.
FRIGJERINGSKAMPEN Det palestinske folket sin kamp er ein kamp for grunnleggjande menneskelege og nasjonale rettar. Gjennom FN-vedtaket om anerkjenning av staten Israel i 1949 og seinare staten Israel sin okkupasjon av Vestbredda, Gaza og Aust-Jerusalem, er det palestinske folket fråtatt desse rettane. Palestina er i dag - etter internasjonal rett - okkupert land, og kampen det palestinske folket fører er følgjeleg ein rettvis kamp mot ein okkupant. Vi stør det palestinske folket sin rett til væpna motstand i samsvar med folkeretten.
Staten Israel bryt ei rekke FN-vedtak og internasjonale konvensjonar. Så lenge dette blir akseptert av det internasjonale samfunnet viser det at det palestinske folket ikkje kan vente seg rettferd utan at det sjølv ristar av seg okkupanten (intifada) I denne kampen er PLO i dag det palestinske folket sin rettmessige representant.
SIONISMEN - STATEN ISRAEL ER RASISTISK Den israelske staten bygg på sionismen som gjev jødane eksklusiv rett til Palestina. Staten Israel forstår seg sjølv som ein stat for alle jødar i verda, og ikkje som eit reiskap for dei som bur innanfor staten sine grenser. Dette bryt med prinsippet om folkesuverenitet som seier at ei statsdanning skal femne dei som bur innanfor staten sine grenser.
Den sionistiske staten står for etnisk reinsing. Ved opprettinga av staten Israel i 1948 vart store deler av den opphavlege folkesetnaden aktivt fortrengt, i dag kjem dette til uttrykk mellom anna ved at palestinarar vert fråtatt bu- og opphaldsløyve i Aust-Jerusalem. Lovverket i den sionistiske staten diskriminerer ikkje-jødar. Tydelegast kjem dette til uttrykk i lova om tilbakevending og lova om statsborgarskap, lover som gjev ein kvar jøde rett til å busetje seg i landet og rett til statsborgarskap. Samstundes kan palestinarar som har budd i landet i generasjonar vere statslause. Staten Israel skil mellom nasjonalitet og statsborgarskap: Ein ikkje-jøde kan per definisjon ikkje tilhøyre den jødiske nasjonen. I den sionistiske staten er grunnleggjande rettar knytt til spørsmålet om du er jøde eller ikkje-jøde. I sin konsekvens vert derfor sionismen ein rasistisk ideologi.
Samstundes er det viktig å skilje mellom sionisme og jødedom. Antisionismen rettar seg mot ein rasistisk ideologi, mens antisemittismen står for forfølging av ei folkegruppe, jødane.
Noreg har ei svart historie når det gjeld antisemittisme. Det er ei viktig oppgåve for Palestinakomiteen i Noreg å kjempe mot alle former for antisemittisme. Palestinakomiteen er motstandar av all undertrykking og diskriminering enten den rettar seg mot rase, religion, nasjon, klasse, kjønn eller einskild individ.
STORMAKTENE SINE IMPERIALISTISKE INTERESSER Imperialismen handlar om kontroll over og utbytting av andre land. Midtausten er eit strategisk viktig område, både økonomisk og militært. Det har alltid vore eit mål for stormakter som vil dominere i verda, å ha kontroll over dette området.
Den sionistiske koloniseringa av området var støtta av stormakter som etter 2. verdskrig såg seg tente med å stø opprettinga av ein sionistisk stat. Med dette ville dei opprette ein stat som kunne vere eit bruhovud for interessene deira i den arabiske verda. FN-vedtaket om deling av området i 1947 vart fatta over hovudet på folk i området og innebar at store deler av landet vart tatt frå det palestinske folket. I alle år seinare har stormakter støtta staten Israel på kostnad av det palestinske folket.
I seinare år har USA og vesten under påskot av å verne menneskerettane og/eller kamp mot terror gått til krig ulike stader i verda. I denne samanhengen er det verd å merke seg at staten Israel sine vel dokumenterte brot på ei rekkje FN-vedtak, internasjonale lover og især brot på menneskerettane, og den terroren staten Israel står for ikkje har medført sanksjonar.
ISRAEL OG VESTEN ANGRIP DET PALESTINSKE DEMOKRATIET Etter det demokratiske valet i dei okkuperte områda i 2006 som Hamas vann, har Vesten gjennom blokade og sanksjonar framprovosert ein intern strid mellom palestinske grupper. Palestinakomiteen ønskjer ikkje å gå inn i denne konflikten ved å ta stilling for den eine parten mot den andre, men tar avstand frå USA, Israel og Vestens stempling av den demokratisk velte leiinga som terroristar, og stadige forsøk på å splitte det palestinske folket. Vi stør tiltak som kan styrke palestinarane sin einskap og uavhengigheit. PLO er etter vårt syn det palestinske folket sin legitime representant.
FRITT PALESTINA Palestinakomiteen stør ei kvar endring i retning av fridom og sjølvstende for dei som i dag lever under okkupasjon, som vi stør ei kvar endring i retning av like rettar for dei som i dag lever som andreklasses borgarar i staten Israel. Ei avvikling av dei ulovlege jødiske settlementa i dei okkuperte områda og retten for alle palestinske flyktningar til å vende attende høyrer med mellom viktige føresetnadene for ei løysing. Men ei fredeleg løysing på konflikten er først mogeleg den dagen det palestinske folket vert innrømma fulle, nasjonale rettar: På sikt trur vi at den beste løysinga vil være ein stat i området. I denne staten må alle innbyggjarane garanterast like rettar uavhengig av religiøs eller etnisk tilhøyrsle.
FN vedtok i si tid deling av Palestina og var slik med på å skape konflikten. FN har derfor eit særskilt ansvar for å bidra til ei løysing og for tryggleiken til det palestinske folket.
|