|
Av Arne Apold
Denne bokmeldinga er opprinnelig skriven for tidsskriftet "Rødt!") I forkant av denne bokmeldinga har redaksjonen i Rødt! sagt at dei ikkje ønskjer ein ny Brendbergdebatt. No er det å melde boka "The power of Israel in the United States" av James Petras sjølvsagt ikkje det same som å gå god for konklusjonen i boka: At det er den jødiske lobbyen og ikkje oljeinteresser som styrer amerikanske Midtaustenpolitikk.
Men dels trur eg at mange vil ha nytte av meir kunnskap om den jødiske lobbyen sin påverknad på amerikansk Midtaustenpolitikk. Dinest meiner eg at i ein nødvendig grenseoppgang mot antisemittismen må vi ikkje kome dit at det å bruke ordet jøde/jødisk i ein politisk samanhengar, skal vere bannlyst Petras er til tider meir polemisk enn eg set pris på i boka, t d i angrepa på kulturredaktøren i Jyllandsposten (ansvarleg for trykkinga av karikaturteikningane) eller i angrepa på ein Noam Chomsky som konkluderer annleis enn Petras med tanke på kva som styrer amerikanske Midtaustenpolitikk. Men boka til Petras gjev og nyttig kunnskap. Og reiser spørsmål verd å tenkje over. Den jødiske lobbyen. Ariel Sharon skal ha sagt, med adresse til Bush: "We have the US under our control" Denne kontrollen vert i følgje Petras først og fremst utøvd gjennom den jødiske lobbyen ved organisasjonar som AIPAC (American Israel Public Affaires Committee), ein organisasjon som vart oppretta i 1953 og som no har 60 000 medlemmer, eit årleg budsjett på 60 millionar dollar og 150 tilsette på full tid. Sentralt i lobbyen er og organisasjonar som Conference of Presidents of major Jewish Organizations og ADL (Anti Defamation League).
Ifølgje Petras kjem 60% av demokratane og 35% av republikanarane sine valkampmidlar frå jødiske organisasjonar. Dei som måtte vente ei endring med det komande presidentvalet i USA bør merke seg at Hillary Clinton er den senatoren som i dag mottar mest støtte frå lobbyen (Dag & Tid, 9/2 -07) Den økonomiske støtta frå USA til Israel har i seinare år vore omlag 3 milliardar dollar i året. For kvar dollar den jødiske lobbyen brukar på å påverke amerikanske val og dermed amerikansk Midtaustenpolitikk, får med andre ord staten Israel 50 dollar frå supermakta. Men den jødiske lobbyen i USA femner ikkje alle jødar i landet. Undersøkingar viser at eit fleirtal (61%) av jødane i USA nesten aldri snakkar om staten Israel, eller forsvarar staten ovanfor ikkje-jødar,. Ein avstikkar til England illustrerer litt av det same: Sist vinter starta ei gruppe jødar med dramatikaren Harold Pinter som det mest kjente namnet organisasjonen Independent Jewish Voices, i protest mot det dei oppfatta som einsidig pro-israelske haldningar frå dei etablerte jødiske organisasjonane. Den pro-sionistiske delen av den jødiske offentlegheita er ofte mest synleg Men vi skal ikkje dermed setje likskapsteikn mellom det å vere jøde og det å vere sionist. Olje ikkje avgjerande. Ein viktig tese for Petras er at det ikkje var oljeindustrien (Big Oil) som såg seg tent med USA sin invasjon i Irak, USA sin konfrontasjonspolitikk ovanfor Iran eller den USA-støtta israelske innmarsjen i Gaza for eit par år sidan. Tvert om har oljeindustrien sine interesser vorte ofra til fordel for staten Israel sine interesser. USA sin Midtaustenpolitikk er med å destabilisere regionen, noko som igjen fører til eit trussel mot oljeleveransar, høgare oljepris i USA og skapar fiendar av arabiske investorar i USA. Chomsky. Noam Chomsky er anerkjent som ein av dei fremste kritikar av sionismen, skriv Petras innleiingsvis i ein polemikk mot den same Chomsky. Men Chomsky sviktar når det kjemt til å kritisere jødisk lobbyverksemd. Eg kjenner ikkje Chomsky sin argumentasjon, men i følgje Petras meiner kort sagt Chomsky at den jødiske lobbyen ikkje er viktigare enn andre lobbyar, at det er oljeinteresser som primært ligg bak (styrer) USA sin Midtaustenpolitikk. Dette synet er Petras grunnleggjande usamd i. Han trekk fram krigsretorikk frå lobbyen si side og at oljeselskap kjem betre ut av det med statar i området som ikkje er i konflikt med USA. Vidare viser han til at lobbyen brukar over 50 millionar dollar på dei politiske partia, kandidatar og propagandakampanjar og at lobbyen får gjennom 90% av dei viktige sakene sine i kongressen. Konklusjonen til Petras er klar: Oljeindustrien tapar på USA sin Midtaustenpolitikk, Amerika tapar på den. Den jødiske lobbyen er tent med den. Ei bok verd å lese. Å protestere mot Israel sine drap og øydeleggingar burde vere eit spørsmål om verdighet, skriv Petras ein stad. I dagens USA er det i staden vorte eit spørsmål om mot, seier han. For dei av oss som har stilt oss spørsmålet korleis verda stillteiande kan godta den uretten det palestinske folket vert utsett for ligg mykje av svaret i USA. Og i boka til Petras. Så får vi bære over med at han til tider slår inn opne dører eller at retorikken tidvis tar overhand. Dei vel 180 sidene er verd å få med seg. James Petras: The Power of Israel in the United States Clarity Press, inc. Atlanta Fernwood books, Halifax Bergen, mai 2007 Arne Apold
|