border border border
border
   
header image
border border
 
Hjem

Søk i Palestinakomiteen

For medarbeidere



Siste fra Electronic Intifada

border
Palstinakomiteen på Trondheimkonferansen med førseminar og stand Skriv ut
søndag 29. januar 2012 19:31
Karim_Essahli_fra_Internasjonalt_Utvalg_i_LO_Trondheim640x480Foran Trondheimkonferansen 2012, arrangerte LO i Trondheim og Palestinakomiteen i Noreg eit førseminar om Palestina. Leiar av Internasjonalt Utval for LO i Trondheim, Karim Essahli, hadde nettopp kome frå Palestina, der han mellom anna hadde møtt representantar frå palestinsk LO, PGFTU. Det var fyrste gongen han besøkte Palestina, og sa at han var sjokkert over det han såg, og at han aldri hadde forestilt seg at situasjonen for palestinarane var så ille. Han såg ikkje optimistisk på framtida og meinte at tida held på å renne ut for det palestinske folket. Det internasjonale samfunnet må no vakne og ta ansvar.

Kjetil Larsen frå Fagleg Utval i Palestinakomiteen meinte som Essahli, at tida er inne for skarpare lut for å stoppe Israels brutale framferd overfor palestinarane. - Boikott av alle slag må vere et virkemiddel som må tas i bruk av stadig fleire for å legge press på Israel, sa Kjetil. -Staten Israel må forstå at dei kan ikkje halde på som dei gjer med å skape nye fakta på bakken kvar dag. Noreg og verdssamfunnet kan ikkje lenger tillate at Israel stiller seg over internasjonal lov. Det er på høg tid at det blir lagt press på Israel gjennom konkrete sanksjonar. Om Landsorganisasjonen i Norge vedtar eit brot med israelske LO, Histadrut, er det ein del av ei større boikott-kampanje. Det er dette vi må jobbe med, sa Larsen og oppfordra alle klubbar og fagforeningar om å vedta fråsegner om brot med Histadrut framfor LO-kongressen 2013.

Palkom_Trondheim_ved_Eli_Thomas_og_Anna_p_stand_640x480Under Trondheimkonferansen hadde Palestinakomiteen i Trondheim stand. Eli Wæhre (leiar), Anna Mørseth og Thomas Lie-Gjeseth delte ut løpesedlar, verva medlemar og selde varer frå Palestina.
 


Go to top Gå til toppen av siden Go to Top

border

Del på sosiale medier

BDS-feeds fra Palestinakomiteen
Nytt fra palestinakomiteen.no

Aktivitetskalender

innmeldingsbanner
Produsert av web-master.no med joomla!  
border
border border border