|
Nasjonal boikott og aksjonsdag 30. mars: Aksjonar over heile landet |
|
|
tirsdag 29. mars 2011 16:49 |
30.mars er den palestinske landdagen, yawm al-ard, og også aksjonsdagen til den palestinske boikottrørsla BDS movement (Boycott, Deinvestments and Sanctions). Palestinakomiteen i Norge markerer denne dagen med aksjonar over heile landet. Aksjonen rettar seg spesielt mot daglegvarekjeden Coop Norge.
Coop-kjeden sel israelske varer i butikkane sine. Det er dei ikkje aleine om. Det dei er aleine om, er å ha bransjens strengaste etiske retningsliner for produkta sine. Å selje varer som er framstilte på okkuperte landområde, ved hjelp av barnearbeid, meiner Palestinakomiteen er i strid med desse etiske retningslinene. På grunnlag av dette har Palestinakomiteen vald å ha hovudfokuset på Coop-kjeden i aksjonen sin.
Les meir om aksjonar og arrangementa i lokallaga på www.boikottisrael.no
|